Jølster Bil AS

30 års jubileum

Jølster Bil såg dagens lys våren 1990. Nils Huus starta enkeltmannsforetak i leigde verkstadlokaler i Årdalen i Jølster. Han arbeidde åleine på verkstaden fram til hausten i 1992, då vart det tilsett 1 mekanikar. Det vart tilsett fleire i åra som fylgde.

I 1999 var tida inne for å komme inn i større lokaler. Felleskjøpet flytta inn i nytt bygg på Skei året i førevegen og dermed var det ledige større verkstedlokaler på Skei. Nils fekk med seg Odd Arne Haugen på laget og stifta i same anledning aksjeselskap.

Rundt tusenårskifte såg verkstaden seg om etter samarbeidspartner i form av eit kjedekonsept. Valet fall etter litt prøving og feiling på Bosch Car Service, som framsto som det mest kvalitetsbeviste alternativet, den gong, som idag.

I 2007 selde Nils seg ut av verksemda, då han søkte nye utfordringar i andre bransjar. Øyvind Årdal, Gudmund Egge og Torbjørn Ripe tok over leiing og eigarskap. Øyvind og Gudmund driftar framleis verksemda.

I 2012 mottok verkstaden utmerking som årets BCS i regi av kjedekontoret. Verkstaden har alltid hatt gjennomgåande fokus på å vere i fremste rekkje når det gjeld kompetanse og utstyr.

Jølster Bil har gjennom åra hatt fokus på sammfunnsansvar i alle delar av drifta. Når kundane vel oss skal dei også sjå at dei får ein meirverdi i form av støtte til gode allmenne tiltak i sitt nærmiljø. Utdanning av lærlingar har vore gjennomgåande tema i alle år, så mange bilmekanikarar har fått sitt fagbrev hos oss.

Jubileet skal markerast på ymse vis i løpet av året, så følg med på våre nett- og fb sider.