Jølster Bil AS
service service-and-repairsservice diagnosisservice brake-serviceservice battery-serviceservice lightsservice exhaust-systemservice extra-servicesservice tire-serviceservice car-glassservice diesel-serviceservice ac-serviceservice additional-heating

Miljøfyrtårn

Mai 2019 vart Jølster Bil AS sertifisert som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er eit offisielt, norsk miljøsertifikat. Dette innebærer at verksemda har gjennomført ei kartlegging og tiltak slik at dei definerte bransjekrava er oppfyllt. Arbeidsmiljø, energibruk, innkjøp, transport og avfallhandtering er sentrale punkt i dette arbeidet.

Jølster Bil As tar miljøansvaret på alvor og ynskjer å bidra. Verkstaden er opptekne av å levere produkt og tjenester ved bruk av minst mogeleg ressursar som påverkar miljøet i negativ grad, utan at dette skal gå ut over kvalitet eller leveringstid. Det er forventa at sertifisering i større grad vil bli krav i framtida, for å kunne levere til både offentlege og private kundar. Jølster Bil AS har drive bilverkstad på Skei sidan 1999, og før det i Årdal i Jølster frå 1990. Verksemda sysselset ca 5 årsverk, og omsette i 2018 for i overkant av 8 millionar. Elektrifisering av bilparken er eit anna miljøaspekt som påverkar bransjen, og som del av Bosch sitt verdensomspennande nettverk har verkstaden god støtte for å handtere dette, og har ambisjon om å ta del også av den elektriske servicemarknaden. Neste år markerer Jølster Bil 30 år med verkstaddrift på Jølster, og skal vere godt førebudd på fleire år i bransjen.

Med ei slik sertifisering viser vi at vi tar miljøengasjementet på alvor, til glede for oss sjølv, våre kundar, nærmiljøet og samfunnet forøvrig.