Om oss

Velkommen til Jølster Bil AS

Jølster Bil vart etablert i Årdalen i Jølster, som enkeltpersonforetak, allereie i 1990 av Nils Huus. Fram mot tusenårskiftet vaks verksemda gradvis ut av lokala i Årdalen, og i 1999 vart det reorganisert som AS og flytta til større lokale på Skei. Etter ei runde innom ulike kjedekonsept, landa verksemda hos Bosch Car Service i 2001 og har sidan vore medlem av verdas største verkstadkjede.

Frå verkstaden opna i Årdalen gjekk det ikkje lang tid før det måtte tilsetjast fleire. Antal tilsette etter etableringa på Skei har variert mellom 5-6, og mange lærlingar har tatt sitt fagbrev hos Jølster Bil. Noværande eigarar, Øyvind Årdal og Gudmund Egge, tok over i 2007 og driftar verksemda framleis.

Verksemda leigde lokale i alle år, men i 2020 overtok verksemda eigedomretten til Vikavegen 40. Siste åra har det vore utført større oppgraderingar på bygg og utstyr, slik at verksemda er godt rusta for framtida.

Vikavegen 40
6843 Skei i Jølster
Vi er opne
Måndag – Fredag 08:00 – 16:00 Laurdag Stengt

For everything your car needs

Vi tilbyr flåteavtale til kundar med mange kjøretøy. Vi arbeider for å gje våre kundar høg servicegrad, korte ventetider og konkurransedyktig pris.

Etablert i 1990

Framifrå kvalitet

Personleg og engasjert

Rettferdig og rimeleg

Jølster Bil AS – kven er vi?

Vi er ein bilverkstad lokalisert på Skei i Jølster, knutepunktet mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Møt oss

Øyvind Årdal

Dagleg leiar, Bosch systemteknikar, HV teknikar, bilmekanikar

oyvind@jolsterbil.no

577 26 890

Vibeke Solheim

Bilmekanikarlærling

verksted@jolsterbil.no

577 26 890

Gudmund Egge

Kundemottaker, Bosch systemteknikar, bilmekanikar

gudmund@josterbil.no

577 26 890

Roar Arne Solheim

Bilmekanikar

verksted@jolsterbil.no

577 26 890

Kent Aril Solheim

Bilmekanikar, HV teknikar

verksted@jolsterbil.no

577 26 890

Vil du bli med oss?

Vi oppmodar alltid til å senda ein open søknad, då vi alltid er på utkikk etter dyktige kollegaer som ønskjer å bli ein del av teamet vårt. Finn dei ledige stillingane våre her.

Vi er ein del av Bosch Car Service-nettverket

Vi er ein del av Bosch Car Service – den største, frittståande bilverkstadkjeden i verda. Hos oss kan du få utført alle typar reparasjonar og service for alle bilmerke – bensin, diesel, hybrid og elektriske bilar. Vår verkstad er godkjent for pkk og reparasjonar av kjøretøy inntil 7500kg, med hydraulisk bremsesystem. Våre velutdanna teknikarar kan utføre diagnose og kontroll av bilens elektronikk med Bosch teknikk. Vi nyttar reservedeler med Boschgarantert kvalitet. Det gjer at du får minst like god kvalitet som på merkeverkstaden og at du køyrer herifrå med nybilgarantien intakt.

Verkstadspartnarar

Vi er Best Drive servicepartner. Det betyr at vi skaffar alt av dekk og felg du måtte ynskje. Vi handterer også alle flåteavtaler på vegne av Best Drive. Vi tilbyr også dekkhotell.

Bærekraft

Vi skal arbeide for å redusere våre skadelege miljøpåverknader. Vi skal ha rutiner som sikrar bærekraft gjennom innkjøp, gjenbruk, gode arbeidsforhold og miljøbevisste tilsette. Alle våre tilsette skal kjenne våre miljømål. Verksemda vart sertifisert Miljøfyrtårn i 2019 og har sidan jobba målretta for å redusere vårt klimaavtrykk.